Du må gjerne besøke heimesida vår:)

Nye bilder

Årsmøte

Minner om årsmøte onsdag 27 mai 2015 kl.18.00 i grillhytta. Det blir synfaring på området rett etter møtet.

Grillhytta stengt

Vi må dessverre stenge det helgeåpne tilbudet av grillhytta. To dager på rad har vi funne hytta tilgrisa med søppel og brukt på en måte som er helt uforenlig med intensjonene. Etter spora å dømme er det trolig barn som har misbrukt tilliten. Vi beklager dette på det sterkeste for vi tror mange vil savne tilbudet.

Dugnaden på laurdag

Vi fikk reinska stranda for tang anna rusk og rask på dagens dugnad. Finn fram solkrem og bikini og legg turen til Sørstrand i påska. Vi gleder oss til å få det første badebildet!

Dugnadsgjengen

Nytt styre

På årsmøtet 2013 vart følgjande nye styremedlemmar valde: Tor Solheim Olsen, Ingvild Hovland, Ane Eliassen, Helge Sårheim og Eivind Nordvik Hauge. Desse 5 supplerar de 3 som ikkje stod på val: Audhild Teigen, Sigmund Frøyen og Jan Henrik Nygård. Sissel Strømmen vart vald som ny vara. Ny valnemnd er Erik Rostad Ness og Magne Hovland.

Årsmøte i Sørstrand Folkepark

Det vert årsmøte for Sørstrand Folkepark torsdag 21. mars klokka 20 i grillhytta. Alle medlemmer av Stiftinga Sørstrand Folkepark kan møte. Det vert tatt opp vanlege årsmøtesaker. Sakspapir finn du i førebels årsrapport.

For meir informasjon, sjå heimesida vår.

Årsrapport for Sørstrand Folkepark

Då er førebels årsrapport for 2012 lagt ut på heimesida

Har du gamle bilete frå Sørstrand?

Har du gamle bilete frå Sørstrand? I så fall ber vi om at du tar kontakt. Vi ønskjer å vise gamle bilete på heimesida vår og som utsmykking av grillhytta. Ta kontakt på sorstrand@gmail.com

Grillhytta er open i helgene

Då er hausten her og tid for litt innekos. Legg du turen til Sørstrand i helgene, vil du finne grillhytta open. Her kan du nyte litt peisvarme, ein varm styrkedrikk og kanskje ei småkake også om du er heldig. Legg du ein liten mynt i sparebørsa vår, så held du liv i tilbodet. Skriv du ei lita helsing i hytteboka også, så er du i godt selskap.

Sørstrandsglimt

Tysdag 14. august 2012

Knusing av glass på Sørstrand.

Natt til fredag 22 juni har nokre personar kost seg på stranda. Fullt så koseleg er det ikkje for oss som må rydde etter dei. Men okei, det skal vi greie når det gjeld plast, papir, undikker mm. Men KNUST GLASS, det greier vi ikkje å få vekk når det har blanda seg med sanden! Så difor har vi bøn til alle brukare. Ver så snill, ikkje ta med glassflasker på Sørstrand! Helsing alle vi som rydder.

Tusen takk til

klasse 10a og klassestyrar Grethe Stavø ved Flora Ungdomsskule. Dei har tømt klassekassa si, og bestemte seg for å gje det som var igjen til Sørstrand Folkepark. Dei har sett inn kr 1147,- på kontoen til parken.

Vi er svært takksam, og ønsker alle i klasse 10a ein god sommarferie, med mange fine soldagar på Sørstrand:)

St. Hansprogram på Sørstrand.

I forbindelse med åpning av den «nye» stranda på Sørstrand legger vi opp til litt ekstra aktivitet og markering på dagen.

Siste nytt frå Sørstrand

Skjelsanden er endeleg kome:)

Sparebankstiftinga i fylket støtta bruprosjektet på Sørstrand!

Vi fekk gladmeldinga i forrige veke om at Sparebankstiftinga i fylket igjen har løyvd midlar til oss. I fjor fekk vi 150.000 til grillhytte. I år fekk vi eit likelydande beløp til bygging av bruer ut over holmane frå stranda. Vi er svært takksame for gåva, og vil freiste å få så mykje bru av pengane som råd er. Truleg vil vi klare å få til den første brua for desse midlane. Etter våre kalkyler treng vi 100.000 til for å få den neste brua opp også. Er det ei bedrift der ute som ønskjer å få namnet sitt på den, så er den hjarteleg velkommen.

For meir informasjon sjå heimesida vår, eller ta kontakt på tlf: 920 45 505

Dugnad på Sørstrand

Kvar torsdag kl 18.00 er det dugnad på Sørstrand. Ta med deg arbeidshanskar og ta del i rydding av greiner og anna førefallande arbeid. Vi treng mange hender i arbeid om vi skal få rydda alt til sommeren kjem.

Sørstrand treng fleire sponsorar!

Terøy har byrja med grusinga av vegar og kaiområde. Han ventar på meir stein som skal omkranse stranda og avgrense den mot sjøsida.

I midten av juni kjem lektaren som skal sprøyte eit 30 cm lag med skjellesand inn i den tørrlagde delen av stranda og i volleyball bana mot vest. Før den tid vil alle delar av stranda få eit gruslag som gjer at ein kan bruke stranda.

Nytt frå Sørstrand

Jan Henrik Nygård held fram som styreleiar

I konstituerande styremøte den 15. april vart Jan Henrik Nygård gjenvalt til styreleiar for 2 nye år. Sigmund Frøyen vart gjenvalt som nestleiar. Øvrige styremedlemmar er Magne Hovland, Audhild Teigen og Eirik Rostad Ness.

Dugnad Sørstrand

Velkommen til dugnad torsdag 12. april kl 18.00. Vi har mykje godt forefallande arbeid å ta tak i. Grusing, spreiing av jord, reinsking av greiner, kapping av krattskog, drenering mv. Vi møtes ved grillhytta, der vi også fyrar opp grillen om veret tillet det. Godt arbeidstøy og ulik hagereiskap kjem godt med. Sett av torsdagane framover til mykje herleg fysisk aktivitet og sosialt samvær.

For meir informasjon om Sørstrand Folkepark besøk heimesida vår:)

Legg turen innom Grillhytta i helgane

Vi held grillhytta open i helgane. Legg turen innom om du treng å varme deg, ta ein kopp kaffe, smake på kakene, eller berre nyte roen. Skriv du ei lita helsing i hytteboka og ryddar etter deg, så er vi godt nøgde.

Årsmøte i Sørstrand Folkepark

Velkommen til årsmøte i Sørstrand Folkepark torsdag 29. mars 2012 kl 19.00 i kafeen på Kystmuseet. Det blir enkel servering. Årsmøtesaker: Godkjenning av årsmelding og regnskap for 2011, planar og prioriteringar for 2012, innkomne saker og val. Forslag til saker må vere styret i hende seinast 16. mars 2012, og kan sendast til epost: sorstrand@gmail.com. For meir informasjon, besøk heimesida vår.

Aktivitetsjungel på Sørstrand!

Aktivitetsjungelen som DNB-Stiftelsen støttar med 250 000, blir del av ein park med ulike aktivitetar for liten og for stor. Parken er meint å ligge på begge sider av vegen (som vart vøla i haust) fram til Grillhytta.

Til å utvikle parken treng vi eldsjeler som ønskjer å vere med i utforming og gjennomføring. Desse eldsjelene kan vere lag eller einskilde som brenn for å skape aktivitet i nærmiljøet. Lag som speidaren og 4H ser vi på som naturlege samarbeidspartnarar, likeeins barnehagen og skulen.

Ein vinterdag på Sørstrand

Søndag 8. januar:

.

Di bedrift kan gjere forskjellen!

Sørstrand Folkepark har konkrete planar for oppgradering av badestranda på Sørstrand. Du finn teikningar på heimesida som viser korleis stranda vil sjå ut etter ei ansiktsløfting. Dette er eit løft til glede for ein heil by og skal etter planen stå ferdig til Jonsok 2012. Vi treng pengar for å kunne realisere planane, og vil utfordre både privatpersonar og bedrifter om å støtte oss gjennom vinteren med pengegåver. Vi har gode eksempler til etterfølging, der lokale bedrifter har gjeve kr 5000 til foreininga. Vi oppfordrar fleire til å gjere likeeins!

Sørstrand Folkepark

Følges av 21 medlemmer.

Foreininga Sørstrand Folkepark har som føremål å utvikle og realisere Sørstrand friområde som rekreasjonsstad for fastbuande og tilreisande i Florø. Foreininga sitt arbeid er i stor grad basert på friviljug innsats og den finansierar sitt arbeid via ulike offentlege og private støtteordningar samt gåve. Foreininga treng medlemmar som ønskjer å bidra enten økonomisk eller på annan måte. Les meir om oss her, og ta gjerne kontakt.

Bakgrunn
Magne Hovland og Øyvind Gjengeseth har saman med andre i vel eit år drive med rydding av Sørstrand. Dei har jobba med å rydde marker, sette opp leikeplassar, rydde skog og åpne stiar. Dei har laga benkar og grillplassar m.m. Avinor har sponsa 4 parkbenkar som dei har satt ut. Vidare planar er å bygge små veiar slik at eldre, rullestolbrukarar og andre skal kunne ta seg fram i landskapet. Planen deira er å jobbe kontinuerlig med utvikling og pleiing av området i åra framover. Arbeidet vert planlagt i samarbeid med Avinor og Flora kommune v/Vidar Vårdal.

Ei badestrand ville være ein flott inspirasjon for det videre arbeidet og auke bruken og nytteverdien av heile området. Tidligere var her ei populær badestrand, men den forsvann med flyplassutbygginga. Slik det er idag er svaberga ein del brukt av ungdom m.fl. For eldre, barn og barnefamilier er der ingen tilbud. Ei sandslettte og ei strand vil åpne opp og gje alle ein mogelegheit til å komme seg heilt ned til sjøen. Dette har verdi ikkje berre som badeplass, men og som ein del av turområdet i vinterhalvåret.

(bakgrunn er skrive i 2009) Mer om sonen

Origo Sørstrand Folkepark er en sone på Origo. Les mer
Annonse