Slik vil den nye stranda sjå ut!

Meir informasjon om utviklinga av Sørstrand Folkepark finn du her:

Eller du kan sjekke heimesida vår:)

Industri Energi Ewos sponsar Sørstrand Folkepark

Vi fekk gladmeldinga denne veka om at årsmøtet i Industri Energi Ewos vedtok å løyve kr 5000 til Sørstrand Folkepark. Det set vi utrolig stor pris på, og håper at andre bedrifter let seg inspirere til å gjere likeeins. Vi treng kvar krone vi kan få til oppgradering av stranda og området rundt.

Stormflo på Sørstrand

Fredag 25. november.

Vil du vite meir om Sørstrand Folkepark, besøk gjerne heimesida vår:)

Fint besøk på Sørstrand

Torsdag 3. november var turgruppa til Trygve Nybø på besøk. Dei koste seg i det fine haustveret, og naut utsikten sørover Brufjorden mot Stavøya. Her frå den gamle kanonstillinga/bunkersen har vi vel ein av dei finaste utsiktsplassane i Florø.

Om du ønsker meir informasjon om Sørstrand Folkepark, besøk gjerne heimesida vår!

Glimt frå Sørstrand

Den gamle vegen inn til Sørstrand blei rusta opp no i haust. No kjem kjem du lett fram med rullestol, barnevogn og sykkel. AB maskin har gjort ein god jobb!

.
.
På enden av gamlevegen har vi fått ein ny kvile og grillplass. Her er det god ly for vinden.

.
.
Kajakk i solnedgang

Om du ønsker meir informasjon om Sørstrand Folkepark, besøk gjerne heimesida vår!

Dagens bilete

Foto: Magne Hovland

Det spirar og gror på Sørstrand:)

Foto: Magne Hovland

No byrjar markene å gro til. Ein stor takk til Rognaldsen for svært gunstig pris på grasfrø.

Info frå Sørstrand

Bli dugnadsmedlem i foreininga Som dugnadsmedlem er du blant våre viktigaste støttespelarar og deltek aktivt i kultiveringa og utvikligna av parken. Du vil få utdelt nøkkel til grillstova og kan nytte denne til ulike sammankomstar for deg og din familie, sjølvsagt innafor visse rammer. Ta kontakt med Isabella på mobil 913 83 935 eller epost sorstrand@gmail.com, og meld deg til teneste. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen i dugnadsgjengen.

Feira du Jonsok på Sørstrand?
Då fekk du sikkert utdelt eit medlemskort. Medlemskortet er evigvarande og kostar kr 100,-. Vennlegast betal medlemskapet til vår konto 3705 15 87600 snarast råd, og vi kan love deg fleire midtsommarkveldar på Sørstrand som du seint vil gløyme.

Har du ein tohjuling bortgøymd på låven?
Foreininga treng slåmaskin. Har du ein gammal tohjula traktor, gjerne med lasteplan, så er det akkurat ein slik vi treng. Ta kontakt med Magne på mobil 901 68 050 eller på epost sorstrand@gmail.com, om du har ein slik doning bortgøymd på låven eller om du har tips om kvar vi bør leite.

Kan di bedrift yte driftsstøtte til foreininga?
Foreininga treng ulike typar driftsstøtte, alt frå telefonstolpar, sand, asfalt osb. til leige av ulike dritfsmidlar som beitekutter, slåmaskin, kvistemaskin etc. Vi treng deg og di bedrift som støttemedlem. Ta kontakt med Eirik på mobil 951 22 583 eller Magne på mobil 901 68 050, eller kontakt oss på epost sorstrand@gmail.com.

For meir informasjon om Sørstrand Folkepark, besøk gjerne heimesida vår!

Fleire bilete frå St. Hans Sørstrand

Feiringa sett gjennom Cecilia Molander sitt fotoapparat!

Bildeserie med 15 bilder — bla ved å trykke på pilene

Elles så er vi svært glad for å få tilsendt bilete frå Sørstrand.

Har du bilete du ønsker å dele med oss, send det til sorstrand@gmail.com

Eller du kan laste dei opp her på sonen:)

For meir informasjon om Sørstrand Folkepark, besøk heimesida vår.

Tredje St. Hansfeiring på Sørstrand

Det var fint ver som vanleg, og mykje folk som koste seg. Vi som jobber med prosjektet takkar for mykje ros og gode tilbakemelding. Det var ein trivleg kveld på Sørstrand med trivlege folk!

For meir informasjon om Sørstrand Folkepark, besøk gjerne heimesida vår:)

St. Hans på Sørstrand!

Då var bålet klart og godt veir er tinga.

St. Hansfeiringa på Sørstrand startar klokka seks!

Bruk parkeringsplassar ved barnehagen eller parken sin nye parkering etter barnehagen.

Vel møtt!

Fin dag på Sørstrand!

22. juni – siste dugnad før St. Hans.

Ein fin dag på Sørstrand. Nokre koser seg med dugnad og andre koser seg med bading i det varme vatnet. Isabella prioriterer dugnad.
.

Dugnad: AB Maskin og Seljeseth ordnar transporten av ved til bålet.
.

Hovland design:-)
.

Bjørn meldte seg på i kvistryddergruppa. Greit å få rydda vekk kratt og samtidig få ved til bålet.

Då gjenstår det berre å ønskje vel møtt til St. Hansfeiring på Sørstrand i morgon kl. 1800!

Dugnad på Sørstrand:)

Då nærmar St. Hans seg med stormskritt, og vi håper at det vert ei like fin feiring på stranda i år som tidlegare år.

Vi inviterar difor til dugnad onsdag 15. juni frå kl. 18. Vi byrjar å bygge bålet, samt at det vert raking og ordning av plenen ved grillhytta. Ta gjerne med rive og hanskar.

For meir informasjon om Sørstrand Folkepark, besøk gjerne heimesida vår!

Onsdagsdugnadane er i gong:)

- slik at vi får det fint til SanktHans:-)

Onsdag 8. juni dugnad

Markene er klare for såing:

Ein flott dugnadsgjeng tek seg ein velfortent kaffipause.

Og så ønskjer vi velkommen att neste onsdag:-)

Snart Sankthans

Vi inviterer til dugnad på Sørstrand kvar onsdag kl. 18.00 til 20.00 fram mot sankthansaften. Onsdag 8. og 15. juni skal vi rake og ordne ny plen ved grillhytta pluss førebuingar til Sankthans. Ta med rive og hanskar.

Onsdag 22. juni skal vi bygge sankthansbål.

Dugnad på Sørstrand

Dugnad tysdag 31. mai kl. 18 – 20. Dårleg vêr har forsinka såinga av marker, men no er visst sommaren rett rundt hjørnet. Det haster med å få ferdig resten av marka. Dei som har, kan ta med seg greinsakser til å klippe røter og småbusker. Elles treng vi river og never til steinplukking.
NB: Vi har og reiskap til utlån, så ikkje kvi deg for å kome *

Vil du vite meir om Sørstrand Folkepark, sjekk ut heimesida vår:)

Imens vi ventar på sommaren:)

Onsdag 25. mai.

Gaute og Emil rydder stranda for tang. Uvanlige værforhold for å vere sist i mai førte mykje ny tang opp. Traktoren tar unna det meste så får vi ta finpuss seinare.

Nytt frå Sørstrand

Fornminnekartlegging
Kulturavdelinga i fylket og Bergen Sjøfartsmuseum skal kartlegge parken for mogleg steinalderbusetjing, både på land og i sjøen. Dette arbeidet må gjerast før reguleringsplanen kan handsamast i kommunen. Folkeparken har tinga arbeidet, som startar omgåande. Heile arbeidet er kostnadsrekna til omlag 250.000, som må dekkast av INU-midlar.

Betre parkeringsmoglegheiter.
Folkeparken har fått i stand ein ny parkeringsplass i Sørstrandvegen nedanfor Sørstrand Barnehage. Vi oppfordrar alle som kjem i bil om å nytte denne når ein vitjar friområdet. Etter arbeidstid, og i helgane kan ein også parkere ved Sørstrand barnehage. Vi minnar om at ein ikkje skal parkere ved bommen då det sperrar for utrykning.

Parken ved grillhytta tek form.
Legg du turen til grillhytta, vil du sjå at parken tek form og at det snart vil spire og gro. Stikkvegar, benkar og grønne lunger vil gjere området til eit ynda turmål både for liten og for stor.

Besøk gjerne heimesida vår for meir informasjon om Sørstrand Folkepark

Nytt frå Sørstrand

10. mai
Arbeidet med parkeringsplassen har starta.

.
.

12. mai.
Parkeringsplassen er ferdig og klar til å ta imot dei første gjestene:)

.
.

12. mai.
Og så har vi forbetra og grusa opp bakken til beredskapsveien, slik at det vert lettare å komme opp med rullestol.

Ønsker du meir informasjon om Sørstrand Folkepark? Besøk gjerne heimesida vår.

Tusen takk til flotte dugnadsfolk!

Det var ein fin dugnadsdag på torsdag, og vi fekk gjort ein god del. Takk til alle som deltok. Men med nærare 2 mål mark som skal såast, så treng vi litt hjelp i neste veke og. Vi håper å få sådd neste helg, slik at det kanskje vert grønt til St. Hans.

Meir informasjon kjem seinare.

Besøk og gjerne heimesida vår.

Dugnad på Sørstrand

No er snart sommaren her, og det betyr dugnadstid:)

Vi inviterer til dugnad på Sørstrand torsdag 5. mai mellom kl. 17.00 og 20.00. Vi skal rake og ordne ny plen ved grillhytta. Ta med rive og hageklær:)

Flinke dugnadsfolk!

Takk til alle som deltok på dugnaden i dag 18. april. Sola og varmen kom sigande og gjorde reinskinga av tang og anna rusk og rask til ein dans på roser. Det er berre å legge turen til Sørstrand i påska. Kanskje eit lite bad i vårsola freistar?

For meir info om Sørstrand Folkepark, sjå innom heimesida vår:

Påskedugnad på stranda!

Mandag 18. april frå klokka 17.00-19.00 vert det dugnad på stranda. Mykje tang, rusk og rask skal bort. Magne stiller med traktor, og vi andre med jernrive eller greip. Ta med deg termosen og riva og kom. Lurer du på antrekket, så kom i dei sjøstøvlane og den oljebuksa du har.