Sparebankstiftinga i fylket støtta bruprosjektet på Sørstrand!![]() Vi fekk gladmeldinga i forrige veke om at Sparebankstiftinga i fylket igjen har løyvd midlar til oss. I fjor fekk vi 150.000 til grillhytte. I år fekk vi eit likelydande beløp til bygging av bruer ut over holmane frå stranda. Vi er svært takksame for gåva, og vil freiste å få så mykje bru av pengane som råd er. Truleg vil vi klare å få til den første brua for desse midlane. Etter våre kalkyler treng vi 100.000 til for å få den neste brua opp også. Er det ei bedrift der ute som ønskjer å få namnet sitt på den, så er den hjarteleg velkommen. For meir informasjon sjå heimesida vår, eller ta kontakt på tlf: 920 45 505 Sørstrand treng fleire sponsorar!![]() Terøy har byrja med grusinga av vegar og kaiområde. Han ventar på meir stein som skal omkranse stranda og avgrense den mot sjøsida. I midten av juni kjem lektaren som skal sprøyte eit 30 cm lag med skjellesand inn i den tørrlagde delen av stranda og i volleyball bana mot vest. Før den tid vil alle delar av stranda få eit gruslag som gjer at ein kan bruke stranda. Vi håper på midlar til å kunne ferdigstille prosjektet, og vil utfordre både store og små bedrifter om å melde seg. Vi treng dykkar støtte, og eit betre prosjekt å støtte skal ein leite lenge etter! For meir informasjon sjå heimesida vår , eller ta kontakt på tlf. 920 45 505 Nytt frå SørstrandJan Henrik Nygård held fram som styreleiar Årsmøtet i Sørtrand Folkepark valde følgjande styremedlemmar for 2 år: Jan Henrik Nygård, Sigmund Frøyen, Magne Hovland og Audhild Teigen (Eirik Rostad Ness stod ikkje på val). Som varamedlemmar vart Tor Solheim-Olsen og Sturle Sunde valt for 2 år. Til å leie Jonsok-komiteen vart Jan Nygård valt. Til å skipe Aktivitetspark-prosjektet vart Sturle Sunde valt. Trasig ulykke på Sørstrand Ver varsam når du ferdast på Sørstrand For meir informasjon om Sørstrand Folkepark besøk heimesida vår:) Dugnad Sørstrand![]() Velkommen til dugnad torsdag 12. april kl 18.00. Vi har mykje godt forefallande arbeid å ta tak i. Grusing, spreiing av jord, reinsking av greiner, kapping av krattskog, drenering mv. Vi møtes ved grillhytta, der vi også fyrar opp grillen om veret tillet det. Godt arbeidstøy og ulik hagereiskap kjem godt med. Sett av torsdagane framover til mykje herleg fysisk aktivitet og sosialt samvær. For meir informasjon om Sørstrand Folkepark besøk heimesida vår:) Årsmøte i Sørstrand Folkepark![]() Velkommen til årsmøte i Sørstrand Folkepark torsdag 29. mars 2012 kl 19.00 i kafeen på Kystmuseet. Det blir enkel servering. Årsmøtesaker: Godkjenning av årsmelding og regnskap for 2011, planar og prioriteringar for 2012, innkomne saker og val. Forslag til saker må vere styret i hende seinast 16. mars 2012, og kan sendast til epost: sorstrand@gmail.com. For meir informasjon, besøk heimesida vår. Aktivitetsjungel på Sørstrand!![]() Aktivitetsjungelen som DNB-Stiftelsen støttar med 250 000, blir del av ein park med ulike aktivitetar for liten og for stor. Parken er meint å ligge på begge sider av vegen (som vart vøla i haust) fram til Grillhytta. Til å utvikle parken treng vi eldsjeler som ønskjer å vere med i utforming og gjennomføring. Desse eldsjelene kan vere lag eller einskilde som brenn for å skape aktivitet i nærmiljøet. Lag som speidaren og 4H ser vi på som naturlege samarbeidspartnarar, likeeins barnehagen og skulen. Vi ser føre oss ein prosjektorganisasjon med mandat om å fylle parken med innhald og stå for gjennomføring. Ta kontakt med oss på epost eller telefon, enten du har tips eller ønskjer å delta. For meir informasjon om Sørstrand Folkepark, besøk heimesida vår:) Ein vinterdag på SørstrandSøndag 8. januar:
.
Og to som har funne seg ein fin utsikt over Brufjorden mot Stavøya. For meir informasjon om Sørstrand Folkepark, besøk heimesida vår. Di bedrift kan gjere forskjellen!![]() Sørstrand Folkepark har konkrete planar for oppgradering av badestranda på Sørstrand. Du finn teikningar på heimesida som viser korleis stranda vil sjå ut etter ei ansiktsløfting. Dette er eit løft til glede for ein heil by og skal etter planen stå ferdig til Jonsok 2012. Vi treng pengar for å kunne realisere planane, og vil utfordre både privatpersonar og bedrifter om å støtte oss gjennom vinteren med pengegåver. Vi har gode eksempler til etterfølging, der lokale bedrifter har gjeve kr 5000 til foreininga. Vi oppfordrar fleire til å gjere likeeins! Annonse | |||||||||||
Nyeste kommentarer