Sørstrand treng fleire sponsorar!

Terøy har byrja med grusinga av vegar og kaiområde. Han ventar på meir stein som skal omkranse stranda og avgrense den mot sjøsida.

I midten av juni kjem lektaren som skal sprøyte eit 30 cm lag med skjellesand inn i den tørrlagde delen av stranda og i volleyball bana mot vest. Før den tid vil alle delar av stranda få eit gruslag som gjer at ein kan bruke stranda.

Vi håper på midlar til å kunne ferdigstille prosjektet, og vil utfordre både store og små bedrifter om å melde seg. Vi treng dykkar støtte, og eit betre prosjekt å støtte skal ein leite lenge etter!

For meir informasjon sjå heimesida vår , eller ta kontakt på tlf. 920 45 505

Vist 115 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder