Nytt frå Sørstrand

Jan Henrik Nygård held fram som styreleiar
I konstituerande styremøte den 15. april vart Jan Henrik Nygård gjenvalt til styreleiar for 2 nye år. Sigmund Frøyen vart gjenvalt som nestleiar. Øvrige styremedlemmar er Magne Hovland, Audhild Teigen og Eirik Rostad Ness.

Årsmøtet i Sørtrand Folkepark valde følgjande styremedlemmar for 2 år: Jan Henrik Nygård, Sigmund Frøyen, Magne Hovland og Audhild Teigen (Eirik Rostad Ness stod ikkje på val). Som varamedlemmar vart Tor Solheim-Olsen og Sturle Sunde valt for 2 år. Til å leie Jonsok-komiteen vart Jan Nygård valt. Til å skipe Aktivitetspark-prosjektet vart Sturle Sunde valt.

Trasig ulykke på Sørstrand
Fredag i påskehelga var ein turgjengar svært uheldig og fall ned i ein bunkers på området aust for grillhytta. Vedkommande glei på utrygge strøplankar nytta som provisorisk sikring av utkikkspunktet. Resultatet vart bl.a. brot i ankelen og utslåtte tenner. Vi har i ettertid sikra staden betre, men vil gjerne åtvare folk om å vise varsemd på dei gamle krigsminna.

Ver varsam når du ferdast på Sørstrand
Anleggsarbeidet på stranda begrensar den frie ferdselen og somme stadar er det direkte farleg å bevege seg. Vi ber den enkelte om å vere varsam og halde avstand. Ungar bør ikkje ferdast på stranda utan i følgje med vaksne.

For meir informasjon om Sørstrand Folkepark besøk heimesida vår:)

Vist 133 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder