Aktivitetsjungel på Sørstrand!

Aktivitetsjungelen som DNB-Stiftelsen støttar med 250 000, blir del av ein park med ulike aktivitetar for liten og for stor. Parken er meint å ligge på begge sider av vegen (som vart vøla i haust) fram til Grillhytta.

Til å utvikle parken treng vi eldsjeler som ønskjer å vere med i utforming og gjennomføring. Desse eldsjelene kan vere lag eller einskilde som brenn for å skape aktivitet i nærmiljøet. Lag som speidaren og 4H ser vi på som naturlege samarbeidspartnarar, likeeins barnehagen og skulen.

Vi ser føre oss ein prosjektorganisasjon med mandat om å fylle parken med innhald og stå for gjennomføring. Ta kontakt med oss på epost eller telefon, enten du har tips eller ønskjer å delta.

For meir informasjon om Sørstrand Folkepark, besøk heimesida vår:)

Vist 136 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder